Jeg ble intervjuet av Sunnmørsposten i forbindelse med en artikkel om det moderne hyttelivet på Strandafjell. Avisen undersøkte forholdet mellom nytt og gammelt på hytta, og jeg fikk snakke litt om hyttefelt, fortetting, regulering, biler og hyttedo. Mange av mine favorittema, med andre ord!

Noen sitater:

Hyttedoen er til alle tider blitt forsøkt modernisert. Det gjekk ikkje lenge frå privathusa fekk vassklosett, til det også kom løysingar som gjorde det mogleg å flytte hyttedoen innandørs.

Dei som har eit romantisk forhold til utedoen er som regel folk som ikkje eig hytte sjølv. Det å tøme ein do er noko som framstår som relativt usmakeleg og noko vi helst vil unngå.

Hyttebygginga i Norge skaut for alvor fart med privatbilismen sitt inntog på 1960- talet. Men det at alle hyttene låg for seg sjølv midt oppe på fjellet, langt frå bilveg, stemmer ikkje. På 1970-talet kunne nesten halvparten av eigarane parkere inntil 100 meter frå eiga hytte.

På 1960-talet vart det bygd mange fleire hytter enn i dag. På 2000-talet vart det bygd 6 – 8.000 hytter på det meste i løpet av eitt år. Men går vi til slutten av 60-talet låg dette talet mykje høgare, då vart det bygd så mange som 10-15.000 hytter per år.

Det kom krav om fortetting av hyttebygginga [på 1960-tallet]. Så utbygging av hyttefelt er slett ikkje eit nytt fenomen. Diskusjonen vi har i dag rundt bygging av store luksushytter, hadde vi også på 60-talet, då med den skilnaden at det handla om bygging av mindre hytter på fjellet.

Det å ikkje ha ein hyttenabo blir den nye luksusen. Vi kan sjå tendensar til slikt allereie. Mindre, men frittståande, hytter går for veldig gode prisar rundt Oslofjorden. Dei fleste blir oppgradert til ein viss standard, men det kan likevel fort bli slik at det å eige ei slik hytte, med ei eineståande, frittliggjande lokalisering, blir assosiert med det å ha det komfortabelt.

Artikkelen ligger dessverre ikke på nett, men jeg har spurt om jeg kan få lov til å legge ut PDFer med avissidene på nettsiden min. Inntil videre, her er forsiden til artikkelen:

Sunnmørsposten, 5. mars 2011